Torsdag 17.02. besøkte Bente Imerslund klasse 11 STC på Kvaløya v.g. skole i Tromsø. Besøket varte i 2 timar, og på denne tida fekk elevane ei innføring i ulike finsk-ugriske språkleg problemstillingar/-tilhøve og kulturelle forhold - også kvensk. Innføring i aktuelle nettsider likeså.
For meg framstår nettsidene som velordna, og dimed lette å finna fram i; dette trass i at sidene omfattar mange ulike tema/emne. Dei har og stor betydning all den tid både språket og utdanninga på masternivå innafor fagfeltet (UiTø) f.t. er under sterkt press. Ei nedleggjing av dette fagfeltet på dette vil vera eit stort feilgrep, og må berre ikkje skje. Sterkare synleggjering av heile denne delen av vår språk- og kulturarv er derfor påkravd. Og her vil sider som dette stå sentralt!
Personleg hadde eg gjerne sett noko meir direkte om grunnleggjande språklege emne; skal ein ha fatt i dette, må ein nytta lenkjer på ulike nivå. Og då kan det lett "gå litt i ball".
Ola Melby
Lektor/KVVS; norsk; samfunnsfag; historie