NAMNEUNDERSØKING
Vi er i gang med ei namneundersøking med utgangspunkt i dette materialet: A. Namn på barn fødd i Finnmark og Troms av finske innvandrarar (begge foreldra er finske - folketeljinga av 1900). Dette materialet omfattar 3840 barn. Dei fleste av desse (75 %) er fødd i perioden 1870 til 1900. B. Namn på barn fødd i Noreg av finsk-finske og finsk-norske foreldre i perioden 1990 til 2006. Det er til saman 1198 barn som inngår i dette materialet. Når det gjeld "A-prosjektet" ovafor, er det meste av arbeidet unnagjort. Du kan finne ein førebels artikkel om "A-prosjektet" på denne nettstaden: http://hdl.handle.net/10037/1228 Gulbrand Alhaug, prof. i nordisk språkvitskap, Univ. i Tromsø. gulbrand.alhaug@hum.uit.no Minna Saarelma, filosofie doktor, Helsinki. minna.saarelma@pp.inet.fi